Om meg

Eg byrja med glas og keramikk i 1999 etter å ha vore yrkesverksam innan tekstilkunst og handverk i mange år. I 2004 var etterspurnaden etter mine produkt så stor at eg laga til ein skikkeleg verkstad med butikk i min store kjeller, og registrerte meg i Brønnøysundregisteret. Firmanamnet er «Kajsa», som eg også signerer alle mine produkt med. Eg har inga formell utdanning innan glas og keramikk, men har hospitert i nokre månader hos keramikar Åse Skrivarvik på Sandane, og har fått privat undervisning av keramikar Lasse Østman i Vansbro, Sverige.

Eg er oppkjøpt av bla. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Jølster kommune, Lotteri og Stiftelsetilsynet, Ørsta Kunstlag m.fl.

Eg er oldebarn av kunstmalar Nikolai Astrup.

Kva gjer eg?

Eg produserer unike glasprodukt/store vakre fat og tynne lekre bruksting i steingods; unike eller i små seriar. Eg tek imot bestillingar, også på firmagåver etc. Eg lager mellom anna koppar for Audhild Viken Vevestove A/S, som har utsal på Jølster, i Førde, Bergen og Oslo.

Kor held eg til?

Eg har verkstad og utsal i eige lokale langs E39 i naturperla Jølster.

Glasur

Eg bruker mykje tid på å lage glasurprøvar for å få fram dei glasurane som eg ynskjer. Et nøysamt og spanande arbeid!

Utstillingar

Eg har gjennom åras løp vore med på mange messer rundt omkring, og har vore representert på mange utstillingar, mellom anna hos Galleri G. i Førde, Vesterland Hotell i Sogndal, Kystmuseet i Florø, Saagbladsmuseet i Hamar, Kunstlaget i Tjøme, Førde, Ørsta og Kristiansund m.fl.

I Husflidshandverkernes produktkonkurranse, «Bord dekk deg!», fekk eg hedersomtale for min steingodsserie «Sandalstrand.»