Eg byrja med glas og keramikk i 1999 etter å ha vore yrkesverksam innan tekstilkunst og handverk i mange år. I 2004 var etterspurnaden etter mine produkt så stor at eg laga til ein skikkeleg verkstad med butikk i min store kjeller, og registrerte meg i Brønnøysundregisteret.  Firmanamnet er «Kajsa», som eg også signerer alle mine produkt med. Eg har inga formell utdanning innan glas og keramikk, men har hospitert i nokre månader hos keramikar Åse Skrivarvik på Sandane, og har fått privat undervisning av keramikar Lasse Østman i Vansbro, Sverige.

Eg er oppkjøpt av bla. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Jølster kommune, Lotteri og Stiftelsetilsynet, Ørsta Kunstlag m.fl.

Eg er oldebarn av kunstmalar Nikolai Astrup.

Kva gjer eg?

Eg produserer unike glasprodukt/store vakre fat og tynne lekre bruksting i steingods; unike eller i små seriar. Eg tek imot bestillingar, også på firmagåver etc. Eg lager mellom anna koppar for Audhild Viken Vevestove A/S, som har utsal på Jølster, i Førde, Bergen og Oslo.

Glasur

Eg bruker mykje tid på å lage glasurprøvar for å få fram dei glasurane som eg ynskjer. Et nøysamt og spanande arbeid!

Kor held eg til?

Eg har verkstad og utsal i eige lokale langs E39 i naturperla Jølster.

Utstillingar

Eg har gjennom åras løp vore med på mange messer rundt omkring, og har vore representert på mange utstillingar, mellom anna hos Galleri G. i Førde, Vesterland Hotell i Sogndal, Kystmuseet i Florø, Saagbladsmuseet i Hamar, Kunstlaget i Tjøme, Førde, Ørsta og Kristiansund m.fl.

I Husflidshandverkernes produktkonkurranse, «Bord dekk deg!», fekk eg hedersomtale for min steingodsserie «Sandalstrand.»