Keramikk

Dette er nokre av mine keramikkprodukt.

Produkta er kjevla og/eller dreia bruksgjenstandar i steingodsleire. Produkta er av tynn og lekker kvalitet med særeigne mønster og glasurar.

Eg lager produkta for hand i berre eit eksemplar eller små seriar. Kvar gjenstand vert unik. Eg lager gjerne keramikk på bestilling, men med eige design. Av kjevla keramikk lager eg skåler, vasar/mugger, tekanner, lysestakar, telyshaldarar og koppar. Av dreia keramikk lager eg skåler, fat, lysestakar og koppar.